Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 7:3-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen!

4. Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen!

5. For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier:

6. Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe’el-sonen til konge der!»

7. Men så seier Herren Gud:«Det skal ikkje vara ved,og så skal det ikkje vera

8. at Damaskus er Arams hovudog Resin hovding i Damaskus– om sekstifem år ¬er det ute med Efraim,så det ikkje meir er eit folk,

9. at Samaria er Efraims hovudog Remalja-sonen ¬hovding i Samaria.Vil de ikkje tru, ¬skal de ikkje trygt få bu.»

10. Herren tala atter til Akas og sa:

11. «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!»

12. Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»

13. Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg?

14. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.

15. Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode.

16. For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for.

Les hele kapitlet Jesaja 7