Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 66:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Høyr larmen frå byen!Høyr omen frå templet!Høyr, Herren gjev ¬sine fiendar likafor det dei har gjort!

7. Før riene kjem, ¬har kvinna født,før ho vert sjuk, ¬har ho fått ein gut.

8. Kven har høyrt noko slikt,kven har sett noko liknande?Kjem eit land til ¬på ein einaste dag,vert eit folk født ¬på ein augneblink?Men Sion fødde sine bornmed det same riene kom.

9. Skulle eg opna morslivog ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren.Skulle eg la fødsla ta tilog så halda fosteret att?seier din Gud.

10. Gled dykk med Jerusalem,og jubla over henne,alle de som har henne kjær!Fegnast med henne,alle de som syrgjer over henne!

11. Så skal de suga og mettastved hennar trøystefulle barm,ja, drikka og gleda dykkved hennar herlege bryst.

Les hele kapitlet Jesaja 66