Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 66:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. For sjå, Herren kjem ¬som ein eld,hans vogner som ein storm.Han slepper sin vreide laus ¬som ein brannog sine trugsmål som logar.

16. For med eld ¬skal Herren halda dom,med sitt sverd ¬skal han slå kvart menneske;mange er dei som Herren ¬feller.

17. Dei som helgar og reinsar segnår dei går til haganei lag med ein som går i midten,dei som et svinekjøt,mus og annan styggedom,dei skal alle gå til grunne,lyder ordet frå Herren.

18. Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom.

19. Eg vil gjera eit teikn mellom dei og senda nokre av dei som er berga, ut til folka – til Tarsis, Put, Lud, Mesjek, Rosj, Tubal og Javan – og til øyane og strendene langt borte, der dei ikkje har høyrt om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal forkynna min herlegdom mellom folkeslaga.

20. Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag, som ei offergåve til Herren – til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar. Dei skal koma til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, som når israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus.

21. Og jamvel av dei vil eg ta nokre til prestar og levittar, seier Herren.

22. For liksom den nye himmelenog den nye jorda ¬som eg skaper,alltid skal stå for mitt åsyn,så skal òg dykkar ætt ¬og namn stå seg,lyder ordet frå Herren.

23. Kvar nymånedag, ¬frå månad til månad,og kvar sabbatshelg, ¬frå veke til veke,skal alle menneske komaog bøya seg og tilbe meg,lyder ordet frå Herren.

24. Og når dei så fer bort,skal dei sjå lika av dei mennsom reiste seg mot meg.Makken deira skal ikkje døyog elden deira ikkje slokna;dei skal vera ei gru ¬for alle menneske.

Les hele kapitlet Jesaja 66