Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 66:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Som ei mor trøystar son sin,såleis vil eg trøysta dykk,ja, i Jerusalem skal de få trøyst.

14. De skal sjå det ¬med glede i hjarta,de skal gro ¬som det grøne graset.Herrens tenarar ¬skal kjenna hans hand,men fiendane får merka ¬hans vreide.

15. For sjå, Herren kjem ¬som ein eld,hans vogner som ein storm.Han slepper sin vreide laus ¬som ein brannog sine trugsmål som logar.

16. For med eld ¬skal Herren halda dom,med sitt sverd ¬skal han slå kvart menneske;mange er dei som Herren ¬feller.

17. Dei som helgar og reinsar segnår dei går til haganei lag med ein som går i midten,dei som et svinekjøt,mus og annan styggedom,dei skal alle gå til grunne,lyder ordet frå Herren.

18. Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom.

19. Eg vil gjera eit teikn mellom dei og senda nokre av dei som er berga, ut til folka – til Tarsis, Put, Lud, Mesjek, Rosj, Tubal og Javan – og til øyane og strendene langt borte, der dei ikkje har høyrt om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal forkynna min herlegdom mellom folkeslaga.

Les hele kapitlet Jesaja 66