Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 66:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så seier Herren:Himmelen er ¬min kongsstolog jorda skammel ¬for mine føter.Kva slag hus ¬kan de byggja åt meg,kva slag bustad kan de ¬gje meg?

2. Alt dette har eg skapt ¬med mi hand,såleis vart det til, seier Herren.Desse ser eg nådig til:dei arme som kjenner seg ¬knusteog skjelv for mitt ord.

3. Den som slaktar ein okse,er lik ein manndrapar,den som ofrar eit lam,er lik ein hundemordar,den som ber fram grødeoffer,er lik den som ofrar svineblod,den som brenner røykjelse,er lik den som hyller ¬ein avgud.Dei som gjer dette,har valt sine eigne vegar;dei held av sine fæle ¬gudebilete.

4. På same måten vel eg ògå la det gå dei illeog føra over deidet dei går og gruar for.For ingen svara når eg ropa,og ingen høyrde når eg tala.Dei gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.

5. Høyr kva Herren seier,de som skjelv for hans ord!Brørne dykkar som hatar dykkog støyter dykk bort ¬for mitt namn skuld,dei seier: ¬«Lat Herren syna seg herleg,så vi kan sjå kor glade de vert!»Men dei skal verta til skammar.

6. Høyr larmen frå byen!Høyr omen frå templet!Høyr, Herren gjev ¬sine fiendar likafor det dei har gjort!

7. Før riene kjem, ¬har kvinna født,før ho vert sjuk, ¬har ho fått ein gut.

8. Kven har høyrt noko slikt,kven har sett noko liknande?Kjem eit land til ¬på ein einaste dag,vert eit folk født ¬på ein augneblink?Men Sion fødde sine bornmed det same riene kom.

9. Skulle eg opna morslivog ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren.Skulle eg la fødsla ta tilog så halda fosteret att?seier din Gud.

Les hele kapitlet Jesaja 66