Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 65:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Ja, gled og fryd dykk til evig tidover det som eg skaper!For eg skaper Jerusalem omtil ein jublande byog dei som bur der,til eit lukkeleg folk.

19. Og eg vil fryda meg ¬over Jerusalemog gleda meg over mitt folk.Aldri meir skal det høyrastgråt eller klagerop i byen.

20. Der skal det ikkje lenger ¬finnast bornsom lever berre nokre dagar,eller gamle som ikkje nårdet fulle dagetalet sitt.Nei, ung er den ¬som døyr hundre år gamal,og den som ikkje vert hundre,må vera forbanna.

21. Hus skal dei byggjasom dei sjølve får bu i,vingardar skal dei plantaog sjølve eta frukta.

22. Dei skal ikkje byggja ¬så andre får bu,og ikkje planta så andre får eta.Dei som høyrer folket mitt til,skal nå same alder som treet;dei eg har valt ut,skal få nyta frukta av ¬sitt arbeid.

23. Dei skal ikkje streva ¬til inga nytteog ikkje få born ¬som brått må døy.For dei er ei ætt, ¬velsigna av Herren,dei får ha sine born hjå seg.

24. Og før dei ropar, skal eg svara,medan dei enno talar, ¬vil eg høyra.

25. Ulv og lam skal beita saman,og løva skal eta halm ¬som oksen,men ormen skal ha mold ¬til mat.Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagnpå heile mitt heilage fjell, ¬seier Herren.

Les hele kapitlet Jesaja 65