Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 65:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg hadde svar til dei ¬som ikkje spurde,eg var å finna for dei ¬som ikkje søkte meg.Til eit folk ¬som ikkje kalla på meg,sa eg: «Her er eg, her er eg!»

2. Heile dagen ¬rette eg ut mine hendertil eit trassig folk,som gjekk på vonde vegarog fylgde sine eigne tankar.

3. Beint opp i andletet på megeggjar folket meg støtt ¬til harme.Dei ber fram slaktoffer ¬i haganeog brenner offer på teglstein.

4. Dei held til i graveneog ligg i holer om natta.Dei et svinekjøt,har ureint sodd i skålene

5. og seier: «Hald deg unna,rør meg ikkje,eg er heilag for deg!» Dette gjer at vreiden min ryk,han logar som eld heile dagen.

6. Sjå, det står skrive for ¬mitt åsyn:Eg vil ikkje teiafør eg får gjeve dei att,ja, gjeve dei att ¬midt oppi fanget

7. både for deira brot, ¬seier Herren,og for brota åt fedrane deira.Dei brende offer på fjellaog vanæra meg på haugane.Så mæler eg opp i fanget på deiløna for det dei før har gjort.

Les hele kapitlet Jesaja 65