Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 60:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Før sat du einsam og hata,ingen såg innom deg.Men no gjer eg deg stor ¬for alltid,til ei glede frå ætt til ætt.

16. Då skal du suga mjølk frå folka,ved kongars bryst ¬skal du næra deg.Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar,at Jakobs Veldige ¬er din utløysar.

17. Eg gjev deg gull ¬i staden for koparog sølv i staden for jern;eg gjev deg kopar ¬i staden for treog jern i staden for stein.Fred lèt eg råda over degog rettferd styra deg.

18. Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land,om herjing og øyding ¬innan dine grenser.Du skal kalla dine murar Frelseog dine portar Lovsong.

19. Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dageneller månen om natta.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig,din Gud skal vera ¬din herlegdom.

20. Aldri meir skal sola di gladaeller månen din missa ¬sin glans.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig.Dine syrgjedagar er enda.

21. I ditt folk ¬skal alle vera rettferdige,dei skal eiga landet til evig tid.Dei er ei plante i min hage,eit verk eg har gjort til mi ære.

22. Den minste skal verta til tusen,den ringaste til eit mektig folk.Eg er Herren,og eg lèt det henda,brått, i si tid.

Les hele kapitlet Jesaja 60