Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 54:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. For meg er dette ¬som i Noahs dagar,den gongen eg svor ¬at Noah-flaumenaldri meir skulle koma ¬over jorda.På same måten sver eg noat eg aldri meirskal harmast på deg ¬og refsa deg.

10. For om fjella vik ¬og haugane vert rikka,skal min nåde ikkje vika ¬frå deg,og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast,seier Herren, ¬som miskunnar deg.

11. Du arme stormdrivne,som ikkje finn trøyst!Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisarog byggjer din grunnmur ¬med safirar.

12. Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar,dine portar av krystallarog heile din ringmur ¬av dyre steinar.

13. Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren,og stor er freden for dine søner.

14. Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd.Ver trygg for trengsle– du har ingenting å ottast,og for redsle– ho skal ikkje nå deg.

15. Går nokon til strid imot deg,kjem det ikkje frå meg.Den som tek på deg,skal falla for di hand.

16. Sjå, eg skaper smedensom blæs i koleldenog lagar våpen til sitt bruk.Og eg skaper øydarentil å herja og skada.

17. Ikkje eitt våpen ¬dei smider imot deg,skal visa seg gagnleg.Kvart klagemål ¬dei reiser mot deg,skal du få kjent grunnlaust.Det er den lut ¬som Herrens tenarar får,den rett eg gjev dei, ¬seier Herren.

Les hele kapitlet Jesaja 54