Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 5:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg vil syngja ein song ¬om min ven,songen åt min ven ¬om hans vingard.Ein vingard hadde min veni ein grøderik bakke.

2. Han hakka han opp ¬og reinsa han for steinog planta han til ¬med gode vintre.Han bygde eit vakttårn i hagenog hogg ut ei vinpresse der.Så venta han ein haust ¬av gode druer,men beisk var den frukta ¬han fekk.

3. Og no, de Jerusalems-buarog Juda-menn:Døm mellom meg ¬og min vingard!

4. Kva meir var det ¬å gjera med hagenenn det eg alt hadde gjort?Kvifor bar han så beisk ¬ei frukt,når eg venta meg gode druer?

5. No skal eg seia dykkkva eg vil gjera ¬med vingarden min.Eg tek bort gjerdet, ¬så han vert avbeitt,riv ned muren, ¬så han vert nedtrakka.

6. Eg gjer han til ei øydemark.Han skal ikkje skjerast ¬og hakkast meir,men torn og tistel skal gro der.Og skyene byd egat dei ikkje skal senda regn ¬over han.

7. For vingarden åt Herren, ¬Allhærs Gud,det er Israels hus,og folket i Juda er hagensom han hadde hugnad i.Han venta rett,men sjå, ¬det vart blodig urett!Han venta rettferd,men høyr, det vart skrik!

8. Ve dei som legg hus til husog åker til åker,til det ikkje meir finst rom,og de sit att åleine i landet!

9. Frå Herren, Allhærs Gud,kling det i øyro mine:Sanneleg, ¬mange hus skal verta aude,store, gode gardar skal ¬stå tome.

10. For ein vingard ¬som kan pløyast på ti dagar,skal berre gje av seg ein bat,og ein homer såkorn ¬berre ein efa.

Les hele kapitlet Jesaja 5