Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 43:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og no, så seier Herren,han som skapte deg, ¬Jakob,og laga deg, Israel:Ver ikkje redd!Eg har løyst deg utog kalla deg ved namn, ¬du er min.

2. Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg,gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort.Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg,og logen skal ikkje brenna deg.

3. For eg er Herren din Gud,Israels Heilage, din frelsar.Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg,Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4. Fordi du er dyr i mine augo,høgt akta og elska av meg,gjev eg menneske ¬i staden for deg,folkeslag for ditt liv.

5. Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!Austanfrå vil eg henta di ætt,og vestanfrå vil eg samla deg.

6. Eg seier til nordheimen:«Kom med dei!»og til sørheimen:«Hald dei ikkje att!»Henta sønene mine ¬langt bortanfråog døtrene mine ¬frå heimsens ende,

7. alle som er kalla ¬med mitt namn,alle dei eg har skapt,ja, skapt og gjort til mi ære.

Les hele kapitlet Jesaja 43