Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 38:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:

10. Eg tenkte:I mine beste år må eg gå bort.Attmed portane til dødsriket ¬må eg halda tildei dagar eg har att.

11. Eg sa: Eg får ikkje sjå Herreni landet åt dei levande.Eg får ikkje skoda ¬menneske meirmellom dei som bur på jorda.

12. Som eit gjætarteltvert min bustad teken nedog ført bort ifrå meg.No rullar eg saman min ¬livsvev,dei siste trådane skjer han av.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.

13. Eg ropar om hjelp ¬til morgonen renn;som ei løve ¬knasar han alle mine bein.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.

14. Eg pip som svala og trastaog klynkar som ei due.Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge.Eg er i naud, Herre,gå god for meg, du!

15. Kva skal eg seia?Han gav meg ein lovnadog har gripe inn.Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagaretter all mi sjelekvide.

16. Herre, ved dette ¬får menneske liv,det held mi ånd i live.Så gjer meg då frisk,og lat meg få leva!

17. Sjå, det som var så bittert,har vorte til fred for meg.Du har spart mitt liv,så eg ikkje går til grunne ¬i grava.For alle mine synderhar du kasta bak din rygg.

18. Dødsriket prisar deg ikkje,ingen av dei døde lovar deg.Dei som fer ned i grava,ventar ikkje på din truskap.

19. Dei levande er det ¬som prisar deg,liksom eg i dag.Ein far fortel sine sønerom din truskap, Gud.

20. Herren vil frelsa meg.Kom, lat oss spela på harpeframfor Herrens hus ¬alle våre dagar.

Les hele kapitlet Jesaja 38