Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 34:5-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Når sverdet mitt har sløktsin torste på himmelen,då fer det ned over Edom,det folk eg har bannlyst ¬og dømt.

6. Herrens sverd er fullt av blod,det er metta med feitt,med blod av lam og bukkar,med nyrefeitt av verar.For Herren held offerslakting ¬i Bosra,ei stor nedslakting i Edom.

7. Saman med folket ¬skal villoksar falla,unge stutar og sterke oksar.Landet skal drikka seg ¬utyrst av blodog jorda gjødslast med feitt.

8. For det er ein hemnardag ¬for Herren,eit attergjeldsår ¬i striden for Sion.

9. Bekkene i Edom ¬skal verta til bekog molda til svovel;ja, landet skal verta ¬til brennande bek.

10. Korkje dag eller natt ¬skal det slokna,evig skal røyken stiga frå det.Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt,aldri skal nokon ¬fara igjennom det.

11. Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige,ugle og ramn skal bu i det.Herren strekkjer mælesnor ¬og loddut over landet,og det vert audt og snautt.

Les hele kapitlet Jesaja 34