Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 29:7-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Som ein draum, ¬som eit syn om natta,vert dei borte, ¬dei mange folkeslagsom strider mot Ariel,som går til åtak ¬på byen og borgaog fører trengsle over han.

8. Då går det ¬som når den svoltne ¬drøymerog tykkjer at han får mat:Når han vaknar, ¬er han like svolten.Det går som når ¬den tyrste drøymerog tykkjer at han drikk;han vaknar maktlaus og tyrst.Så går det ¬med dei mange folkeslagsom strider mot Sion-fjellet.

9. Stir på kvarandre, ¬fulle av undring,lat augo klinast att, ¬og ver blinde!Drikk dykk drukne, ¬men ikkje av vin,og rag ikring, ¬men ikkje av rusdrikk!

10. For Herren har rent ut ¬over dykkei ånd som valdar tung svevn.Han har late att augo dykkar ¬– profetane,og sveipt hovuda dykkar ¬– sjåarane.

11. Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»

12. Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»

13. Herren sa: Fordi dette folketheld seg nær til meg ¬med munnenog ærar meg med lippene,medan hjarta er langt borte ¬frå meg,og fordi deira age for meger menneskebod ¬som dei har lært seg,

14. difor vil eg framleis ¬fara underleg fram,underleg og underfullt ¬mot dette folket.Då skal visdomen ¬åt deira vismenn forgåog klokskapen ¬åt dei kloke kverva.

15. Ve dei som nede i det djupeløyner for Herren ¬det dei har føre!Dei gjer sine gjerningar ¬i mørkretog seier: «Kven ser oss, ¬kven veit om oss?»

16. Kor bakvendt de tenkjer!Skal ikkje krusmakarenaktast høgare enn leira?Kan verket seia ¬om handverkaren:«Han har ikkje laga meg,»og kjeraldet om krusmakaren:«Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?

17. No er det berre ei lita stund,så skal Libanon ¬verta ein frukthage,og det som no er frukthage,skal reknast for skog.

18. Den dagen skal dei døve høyraord som står skrivne i bok,og ut or mørker og dimmeskal blinde augo sjå.

19. Dei hjelpelause skal attergleda seg i Herren,og dei fattige skal jublaover Israels Heilage.

20. For borte er valdsmannen,ute er det med spottaren,og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,

21. dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige,la snarer for den ¬som hevda retten på tinget,og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.

Les hele kapitlet Jesaja 29