Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 29:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Kor bakvendt de tenkjer!Skal ikkje krusmakarenaktast høgare enn leira?Kan verket seia ¬om handverkaren:«Han har ikkje laga meg,»og kjeraldet om krusmakaren:«Han skjønar seg ikkje ¬på slikt»?

17. No er det berre ei lita stund,så skal Libanon ¬verta ein frukthage,og det som no er frukthage,skal reknast for skog.

18. Den dagen skal dei døve høyraord som står skrivne i bok,og ut or mørker og dimmeskal blinde augo sjå.

19. Dei hjelpelause skal attergleda seg i Herren,og dei fattige skal jublaover Israels Heilage.

20. For borte er valdsmannen,ute er det med spottaren,og utrudde er alle ¬som tenkte på vondskap,

21. dei som med sitt ord ¬fekk folk dømde skuldige,la snarer for den ¬som hevda retten på tinget,og dreiv skuldfrie bort ¬med tomt snakk.

22. Difor, så seier Herren,han som er Gud for Jakobs ætt,han som fria ut Abraham:No skal ikkje Jakob ¬verta til skammar,hans andlet skal ikkje ¬bleikna meir.

23. For når han ¬og borna hans får sjådet mine hender ¬har gjort imellom dei,då skal dei ¬halda namnet mitt heilagt,dei skal helga Jakobs Heilageog ottast Israels Gud.

24. Dei som fer vilt i sine tankar,skal læra skjøn,og dei som murrar,skal få visdom.

Les hele kapitlet Jesaja 29