Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 28:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve den stolte kransenåt Efraims drukne menn!Ve dei visnande blomane,Efraims herlege prydnad,på høgda ¬over den grøderike dalen,der dei ligg drukne av vin.

2. Sjå, Herren sender ¬ei mektig kjempe.Som ein hagl-eling, ¬ein øydande storm,som ei kraftig regnskur ¬med flaumar av vatnslår han dei til jorda med makt.

3. Under fot skal han trakkast,den stolte kransenåt Efraims drukne menn.

4. Med dei visnande blomane,Efraims herlege prydnad,på høgda ¬over den grøderike dalen,skal det gå ¬som med ein sommarfikensom er mogen før hausten:Når nokon ser han, ¬sluker dei hanså snart dei får han i handa.

5. Den dagen skal Herren, ¬Allhærs Gud,verta ein fager krans ¬og ei strålande kronefor leivningen av folket sitt.

6. Han skal gje den ¬som sit på domarsetet,evne til å døma rett,og styrkja dei som drivfienden attende frå porten.

7. Men det er andre òg ¬som sjanglar,som ragar av vin ¬og sterk drikk:Prestar og profetar er drukne,heilt fortumla av vin.Dei ragar ¬av den sterke drikken,dei sjanglar når dei har syner,og er ustøe når dei dømer.

8. Ja, alle bord er fulle av spy,ikkje ein flekk er rein.

9. «Kven vil profeten ¬gje kunnskap?Kven vil han få ¬til å skjøna sin bodskap?Born som nett er avvande,som nyss er tekne frå brystet?

10. Bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»

11. Ja, gjennom folk ¬med stammande lipperog med framandt tungemålskal han tala til dette folket,

Les hele kapitlet Jesaja 28