Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 23:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Herren har rett ut si hand ¬over havetog fått kongerike til å skjelva.Han har sagt frå ¬at festningane i Kanaanskal jamnast med jorda.

12. Han seier: ¬Du skal ikkje jubla meir,du trælka møy, ¬du Sidons dotter.Stå opp ¬og dra til kittearlandet!Heller ikkje der ¬skal du finna ro.

13. Sjå, det var ikkje Assur, ¬men folket i Kaldeasom gjorde byen ¬til ei øydemark.Dei reiste sine ¬kringsetjingstårn,jamna borgene med jordaog la han i grus.

14. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip,for borga dykkar er herja.

15. På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta:

16. Ta di lyreog gå ikring i byen,du gløymde skjøkje!Spela fagert,syng alt du kan,så folk kan minnast deg.

17. Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyrus. Då skal byen atter få horeløn og driva utukt med alle kongerike på den vide jord.

18. Men den vinning og løn som byen får, skal vera helga til Herren. Det skal ikkje sparast og gøymast. Dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten, så dei kan eta seg mette og kjøpa seg dyre klede.

Les hele kapitlet Jesaja 23