Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 17:10-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. For du har gløymt Gud, ¬din frelsar,berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug.Difor kan du planta ¬den finaste hageog setja framande vintre i han.

11. Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar,og spira den morgonen du sår,vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem,ein skade som ikkje kan ¬lækjast.

12. Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk!Det brusar som havet.Høyr dønet av folkeætter!Det dyn som veldig vatn,

13. det er som duren ¬av mektige bylgjer.Men når Herren trugar dei,rømer dei langt av stad.Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane,som den kvervlande tistel ¬for stormen.

14. Om kvelden er det redsle ¬som rår,men før morgonen renn, ¬er dei borte.Så går det dei som ¬plyndrar oss,slik lagnad får dei ¬som ranar oss.

Les hele kapitlet Jesaja 17