Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 14:18-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Alle kongane over folka kvilermed ære, kvar i sitt hus.

19. Men du ligg bortslengd ¬og har inga grav,du er som ein vanvørd kvist.Du er overbreidd ¬av drepne menn,som er gjennombora med sverdog kasta ned i ei steingrav,som eit nedtrakka åtsel.

20. Du får ikkje koma i grav ¬med andre,for landet ditt har du øydt,og folket ditt har du drepe.Dei som er ætta ¬frå ugjerningsmenn,skal aldri nemnast meir.

21. Gjer slaktebenken ferdig ¬til sønene hansfor den misgjerning ¬deira fedrar har gjort!Dei skal ikkje stå opp ¬og ta jorda i eigeog grunnleggja byar ¬kringom i verda.

22. Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren.

23. Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

24. Herren, Allhærs Gud, ¬har svore:Det eg har tenkt, ¬skal sanneleg henda;det eg har sett meg føre, ¬står fast.

25. Eg vil knusa assyrarane ¬i landet mittog trakka dei ned på ¬fjella mine.Åket deira skal takast bortfrå dei som er trælka,og børa lyftast av deira aksel.

26. Dette er den plansom er lagd for all jorda,og dette er den handsom er utrett mot alle folkeslag.

27. Når Herren, Allhærs Gud, ¬har lagt ein plan,kven kan gjera han til inkjes?Og når hans hand er utrett,kven kan venda henne bort?

28. Det året kong Akas døydde, kom dette domsordet:

29. Gled dykk ikkje, ¬de filistarar,fordi staven som slo dykk, ¬er broten.For av ormeætta ¬kjem det ein eiterorm,og hans frukt ¬er ein flygande orm.

30. På mi jord ¬skal småkårsfolk finna fødeog dei fattige kvila trygt.Men di ætt lèt eg døy av svolt,og dei som er att av deg, ¬skal tynast.

31. Hyl, du port, og skrik, du by!Skjelv av redsle, ¬heile Filistarland!For ein røyk kjem drivande ¬frå nord,og ingen ligg etter ¬i fiendeflokken.

32. Kva skal vi svara ¬sendemennene frå folket?At Herren har grunnlagt Sion,og at der finn armingane ¬i folket hans livd.

Les hele kapitlet Jesaja 14