Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 11:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då skal ulven bu saman ¬med lammet,og leoparden liggja i lag ¬med kjeet.Kalv og ungløve ¬skal beita saman,og ein smågut skal gjæta dei.

7. Ku og bjørn skal gå og beita,ungane deira skal liggja i lag,og løva skal eta halm ¬som oksen.

8. Spedbarnet skal leika ¬innmed hola åt hoggormen,og veslebarnet skal retta ut ¬si handmot bolet åt eiterormen.

9. Ingen skal gjera vondt ¬eller ugagnpå heile mitt heilage fjell.For landet er fylt ¬av kunnskap om Herren,liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

10. Den dagen skal folkeslag søkjatil renningen or Isais rot.Han skal stå som eit ¬samlingsmerke for folka,og bustaden hans skal vera full ¬av herlegdom.

11. Då skal Herren endå ein gongretta ut si hand og vinna attden resten som er leivd ¬av folket hans,frå Assur, Egypt, Patros ¬og Nubia,frå Elam, Sinear, Hamat ¬og havstrendene.

12. Han skal reisa ei fane for folka,samla dei bortdrivne av Israelog føra det spreidde ¬Juda-folketheim att ¬frå verdsens fire hjørne.

13. Då skal Efraims avund kvervaog Judas fiendskap verta ¬utrudd.Efraim skal ikkje misunna Judaog Juda ikkje visa fiendskap ¬mot Efraim.

14. Dei slår ned ¬på filistar-skråninga i vest,og saman plyndrar dei ¬stammene i aust.Dei legg si hand ¬på Edom og Moab,og ammonittane må lyda dei.

15. Då skal Herren turka uthavbukta ved Egyptog svinga si hand over Eufrat,kløyva elva ¬med sin sterke stormså ho vert til sju bekker,der folk kan gå turrskodde ¬over.

16. For resten av Herrens folksom vert berga frå Assur,skal det vera ein jamn vegsom det var for israelittaneden dagen dei drog ut ¬or Egypt.

Les hele kapitlet Jesaja 11