Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 1:17-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Lær å gjera godt,legg vinn på det som rett er!Vis valdsmannen ¬den vegen han skal gå,hjelp den farlause til hans rett,ta dykk av enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! ¬seier Herren.Om syndene dykkar ¬er som purpur,skal dei verta kvite som snø;om dei er raude som skarlak,skal dei verta kvite som ull.

19. Er de viljuge og lyder,skal de få eta det gode i landet.

20. Men er de uviljuge og trassige,skal de verta oppetne av sverd.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.

21. Å, at den trufaste byenskulle verta ei skjøkje!Full av rett var han,rettferd budde der inne,men no – mordarar!

22. Sølvet ditt har vorte til slagg,vinen din er blanda med vatn.

23. Dine styresmenn er ¬opprørarar,dei held lag med tjuvar.Alle elskar dei muterog jagar etter gåver.Den farlause hjelper dei ikkje ¬til hans rett,og enkjers sak ¬tek dei seg ikkje av.

Les hele kapitlet Jesaja 1