Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 9:11-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Eg gjer Jerusalem ¬til ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar.Byane i Juda gjer eg til ei audn,der ingen kan bu.

12. Kven er så vis ¬at han skjønar detteog kan kunngjera ¬det Herren har tala til han?Kvifor er landet lagt i øyde,avsvidt som ei øydemark,så ingen ferdast der?

13. Herren svara:Fordi dei svikta mi lov,som eg la fram for dei,fordi dei ikkje lydde megog ikkje levde etter lova,

14. men fylgde sitt harde hjartaog heldt seg til Ba’al-gudane,som fedrane deira ¬hadde lært dei.

15. Difor seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:Eg lèt dette folket eta malurtog drikka giftig vatn.

16. Eg spreier dei ¬mellom folkeslagsom korkje dei ¬eller deira fedra kjende,og sender sverdet etter deitil eg får gjort ende på dei.

17. Så seier Herren, Allhærs Gud:Gjev akt! ¬Send bod på klagekonene,så dei kjem hit!Kall på dei kunnige konene!

18. Lat dei skunda seg og komaog syngja klagesong over oss,til augo våre fyllest av gråt,og tårene dryp frå augneloka.

19. Høyr, klageropet lyder ¬frå Sion:«Å, kor vi er herja!Djupt må vi skjemmast,for vi må bort frå landet,sidan dei har lagt våre heimar ¬i grus.»

20. Ja, kvinner, høyr Herrens ord,lat øyra opp for ordet han talar!Lær døtrene dykkar ¬klagesongar,og lær kvarandre syrgjesongar:

21. «Døden steig inn ¬gjennom vindaugoog trengde inn i borgene våre.Han reiv småborn bort frå gataog unge menn frå torga.»

22. Tal såleis, seier Herren:Lik av menneske skal liggjasom gjødsel ut over marka,som kornband ¬etter skurdfolket,og ingen samlar dei opp.

23. Så seier Herren:Den vise skal ikkje rosa seg ¬av visdomen sin,den sterke ikkje av styrken sinog den rike ikkje ¬av rikdomen sin.

24. Men den som rosar seg,skal rosa seg av dette:at han har vit og kjenner meg,veit at eg er Herren, som ¬syner miskunnog gjer rett og rettferd på jorda.For slikt har eg hugnad i,lyder ordet frå Herren.

25. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vil heimsøkja alle desse som er omskorne:

26. Egypt, Juda, Edom, Ammon, Moab og alle som bur i øydemarka og har kortklypt hår ved tinningen. For alle dei andre folka er uomskorne på kroppen, men heile Israels-ætta er uomskoren på hjarta.

Les hele kapitlet Jeremia 9