Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 9:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Å, om hovudet mitt ¬var vatnog auga mitt ei tårekjelde!Då ville eg gråta dag og nattover dei falne i folket mitt.

2. Å, om eg fann nattelivdfor ferdafolk i øydemarka!Då ville eg skiljast ¬med folket mittog gå bort frå dei.For dei er alle ¬ekteskapsbrytarar,ein flokk av trulause menn.

3. Dei spenner tunga ¬som ein boge.Ikkje på ærleg vis, ¬men med lygnhar dei vorte herrar i landet.Dei går frå vondskap ¬til vondskap,og meg kjenner dei ikkje,lyder ordet frå Herren.

4. Akta dykk for kvarandre,lit ikkje eingong på ein bror!Bror fer med list mot bror,ven går rundt og baktalar ven.

5. Dei svik kvarandre,og ingen talar sanning.Dei har vant si tunge ¬til å tala lygn,dei ber seg ille åt ¬og vil ikkje venda om.

6. Vald fylgjer på vald ¬og svik på svik,og meg vil dei ikkje ¬kjennast ved,lyder ordet frå Herren.

7. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt?

8. Tunga deira er ei drepande pil,i munnen har dei ¬svikefulle ord.Dei talar venleg til nesten sin,men i tankane set dei feller ¬for han.

9. Skulle eg ikkje straffa dei ¬for slikt?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå slikt eit folk?

10. Eg set i med gråt ¬og klage over fjella,set i med klagesong ¬over beita på steppa.Dei er avsvidde, ¬så ingen ferdast der;det høyrest ingen ¬rautande buskap.Både fuglane under himmelen ¬og dyra på markahar rømt og er borte.

11. Eg gjer Jerusalem ¬til ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar.Byane i Juda gjer eg til ei audn,der ingen kan bu.

12. Kven er så vis ¬at han skjønar detteog kan kunngjera ¬det Herren har tala til han?Kvifor er landet lagt i øyde,avsvidt som ei øydemark,så ingen ferdast der?

Les hele kapitlet Jeremia 9