Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 8:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Du skal tala til dei: Så seier Herren:Kven er det som dett ¬og ikkje står opp,går bort og ikkje kjem att?

5. Kvifor skal folket ¬her i Jerusalematter og atter falla ifrå?Dei held fast på sitt svikog vil ikkje venda om.

6. Eg har lydt etter og høyrt.Det er ikkje sant, det dei seier.Det finst ingen som angrar ¬sin vondskap og seier:«Kva har eg gjort!»Alle renner dei vilt av stad,som ein hest stormar ¬fram i strid.

7. Jamvel storken under ¬himmelenkjenner sine faste tider;og turteldua, svala og trastapassar tida når dei skal koma.Men folket mitt kjenner ikkjeden rett som Herren krev.

8. Korleis kan de seia: «Vi er vise,vi har Herrens lov hjå oss»?Nei, sanneleg, til ei falsk lovhar skrivarane gjort hennemed sin lygngriffel.

9. Dei vise skal stå der med skam,dei skal gripast av redsle ¬og fangast i snara.Dei har vraka Herrens ord.Kva hjelper då deira visdom?

10. Difor gjev eg konene deira ¬til andre,markene deira til nye eigarar.For alle saman, små og store,søkjer urett vinning.Profetar og prestar ¬fer alle med svik.

11. Lettvint lækjer dei skaden ¬i mitt folknår dei seier: «Fred, fred!»– og så er det ingen fred.

Les hele kapitlet Jeremia 8