Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 8:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Lettvint lækjer dei skaden ¬i mitt folknår dei seier: «Fred, fred!»– og så er det ingen fred.

12. Dei skal verta til skammar,for dei har gjort stygge ting.Likevel skjemmest dei ikkje,og blygsle veit dei ikkje av.Difor skal dei falla ¬som dei andre;på den tid eg krev dei ¬til rekneskap,skal dei stupa, seier Herren.

13. No vil eg hausta dei inn,lyder ordet frå Herren.Men det finst ikkje druer ¬på vintreetog ikkje fiken på fikentreet;lauvet er visna.Eg vil gje dei attetter den frukt dei ber.

14. Kvifor sit vi i ro? Kom saman!Lat oss heller fara ¬inn i festningsbyaneog gå til grunne der!For Herren vår Gud ¬lèt oss gå til grunne,han lèt oss drikka giftig vatn;for vi har synda mot Herren.

15. Vi vona på fred og lukke,men det kjem ikkje noko godt;vi venta ei tid med lækjedom,men sjå, det er redsle som rår.

16. Lyden av fiendens ¬frøsande hestarhøyrest heilt til Dan.Når hingstane kneggjar,skjelv heile landet.Dei kjem og et opp landetog alt som i det er,byen og dei som der bur.

Les hele kapitlet Jeremia 8