Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 8:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid, lyder ordet frå Herren, skal dei ta beina av Juda-kongane og hovdingane deira og beina av prestane, profetane og folket i Jerusalem ut or gravene

2. og strøya dei ut for sola, månen og heile himmelhæren, som dei elska, dyrka og heldt seg til, og som dei spurde til råds, bøygde seg for og tilbad. Ingen skal samla og gravleggja dei; til gjødsel på marka skal dei verta.

3. Og dei skal velja døden framfor livet, alle som vert att av denne vonde ætta, på alle dei stader eg driv dei bort til, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

4. Du skal tala til dei: Så seier Herren:Kven er det som dett ¬og ikkje står opp,går bort og ikkje kjem att?

Les hele kapitlet Jeremia 8