Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:27-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg.

28. Då skal du seia til dei: «Dette er det folket som ikkje lydde Herren sin Gud og ikkje tok imot tukt. Det er slutt på ærlegdomen, han finst ikkje lenger i deira munn.»

29. Klypp det lange håret ditt og kast det bort! Set i med ein klagesong på dei snaue høgdene! For Herren har vraka og støytt frå seg den ætta som han er harm på.

30. Folket i Juda har gjort det som vondt er i mine augo, lyder ordet frå Herren. Dei har sett opp sine fæle gudebilete i det huset som ber mitt namn, og såleis gjort det ureint.

31. Og dei har bygt offerstaden Tofet i Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje sett dei til, og det har aldri vore i mine tankar.

32. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og dei skal gravleggja folk i Tofet, fordi det ikkje finst rom andre stader.

33. Lika av dette folket skal verta til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka, og ingen skal skræma dei.

34. Då lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. For landet skal leggjast i øyde.

Les hele kapitlet Jeremia 7