Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:20-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna.

21. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Berre legg brennoffer attåt slaktoffera dykkar og et kjøt!

22. Den gongen eg førte fedrane dykkar ut or Egypt, tala eg ikkje til dei om brennoffer og slaktoffer og gav dei ikkje påbod om noko slikt.

23. Men dette bodet var det eg gav dei: «Høyr på det eg seier, så vil eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»

24. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet.

25. Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei.

26. Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane.

27. Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg.

Les hele kapitlet Jeremia 7