Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 7:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Og no, fordi de har gjort alle desse gjerningane, lyder ordet frå Herren, fordi de ikkje ville høyra endå eg tala til dykk seint og tidleg, og ikkje svara når eg ropa til dykk,

14. så vil eg gjera med dette huset som ber mitt namn, og som de set dykkar lit til – den staden som eg gav dykk og fedrane dykkar – like eins som eg gjorde med Sjilo.

15. Og eg vil støyta dykk bort frå mitt åsyn, liksom eg støytte frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims-ætta.

16. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage eller bøn for det. Prøv ikkje å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.

17. Ser du ikkje kva dei driv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem?

18. Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, og kvinnene knar deig og bakar offerkaker til Himmeldronninga, og dei renner ut drikkoffer for andre gudar; såleis krenkjer dei meg.

19. Det er ikkje meg dei krenkjer, seier Herren, men seg sjølve, så dei skal raudna av skam.

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og min harme skal rennast ut over denne staden, over folk og fe, over trea i skogen og grøda på marka. Min harme skal brenna og ikkje slokna.

21. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Berre legg brennoffer attåt slaktoffera dykkar og et kjøt!

22. Den gongen eg førte fedrane dykkar ut or Egypt, tala eg ikkje til dei om brennoffer og slaktoffer og gav dei ikkje påbod om noko slikt.

Les hele kapitlet Jeremia 7