Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 6:8-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Jerusalem, ta lærdom av dette,elles vender eg meg frå degog gjer deg til ei audn,til eit land der ingen kan bu.

9. Så seier Herren, Allhærs Gud:Hald ettersanking ¬som på eit vintre,hald ettersanking på ¬Israels rest!Gå endå ein gong ¬over rankene med handalik ein som plukkar druer!

10. «Kven skal eg tala tilog åtvara, så dei høyrer det?Øyro deira er uomskorne,dei kan ikkje høyra etter.Dei driv spott med Herrens ordog bryr seg ikkje om det.

11. Men eg er full ¬av Herrens harme,eg greier ikkje å halda han att.»Så aus han ut over borna ¬på gataog over heile ungdomsflokken!Både mann og kvinne ¬skal fangast,gamle menn og oldingar.

12. Husa deira skal koma ¬i annan manns eige,deira jorder og kvinner ¬like eins.For no retter eg ut mi handmot dei som bur i landet,lyder ordet frå Herren.

13. For alle saman, små og store,søkjer urett vinning.Profetar og prestar ¬fer alle med svik.

14. Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk,når dei seier: «Fred, fred!»– og så er det ingen fred.

15. Dei skal verta til skammar,for stygge ting har dei gjort.Likevel skjemmest dei ikkje,og blygsle veit dei ikkje av.Difor skal dei falla som hine;på den tid eg krev dei ¬til rekneskap,skal dei stupa, seier Herren.

16. Så sa Herren:Stå på vegane og sjå!Spør etter dei gamle stigane,etter vegen til det gode!Ferdast på den, ¬så skal de finna kvile.Men dei svara:«Vi vil ikkje ferdast der.»

17. Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa:«Lyd etter når hornet ljomar!»Men dei svara:«Vi vil ikkje lyda.»

18. Høyr difor, de folkeslag,og merk dykk, de som er samla,det som skal henda ¬mellom dei!

19. Lyd etter, du jord!No fører eg ulukke ¬over dette folket,ei frukt av deira vonde tankar.For dei høyrde ikkje ¬på mine ord,og dei vanvørde mi lov.

20. Kva skal eg med røykjelse ¬frå Sabaog dei beste krydder ¬frå land langt borte?Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha,slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i.

Les hele kapitlet Jeremia 6