Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 52:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn.Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.

4. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

5. Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia.

6. Den niande dagen i den fjerde månaden det året, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat,

7. braut fienden inn i byen. Alle stridsmennene rømde og tok ut frå byen om natta, endå kaldearane låg rundt ikring han. Dei fór gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, og tok vegen mot Jordan-dalen.

8. Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd.

9. Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til babylonarkongen, som felte domen over han.

10. Babylonarkongen drap sønene til Sidkia medan faren såg på. Sameleis drap han alle hovdingane i Juda der i Ribla.

11. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon. Der vart han halden fengsla til sin døyande dag.

12. Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste tenestemennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta.

13. Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til.

14. Og kaldearhæren som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem.

15. Så førte Nebusaradan bort nokre av dei ringaste i folket og dei som elles var att i byen, dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og dei siste av handverkarane.

Les hele kapitlet Jeremia 52