Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 52:28-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Dette er talet på dei som Nebukadnesar førte bort: i det sjuande styringsåret 3 023 frå Juda

29. og i det attande året 832 frå Jerusalem.

30. I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvakthovdingen, bort 745 judearar. Til saman var det 4 600 personar.

31. I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuefemte dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.

32. Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon.

33. Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.

34. Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå babylonarkongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.

Les hele kapitlet Jeremia 52