Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 52:16-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.

17. Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia.

18. Dei tok oskefata, eldskuflene og ljosesaksene, offerskålene, røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta.

19. Livvakthovdingen tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, ljosestakane, røykjelsesskålene og drikkofferskålene.

20. I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, havet og dei tolv bronseoksane som var under det, og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast.

21. Den eine søyla var atten alner høg og tolv alner i omkrins. Ho var fire fingrar tjukk og hol.

22. Ho hadde eit søylehovud av bronse, som var fem alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Såleis var den andre søyla òg.

23. Nittiseks granateple hang fritt; i alt var det hundre granateple ikring på flettverket.

24. Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane.

25. Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, sju av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen.

26. Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla.

27. Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.

28. Dette er talet på dei som Nebukadnesar førte bort: i det sjuande styringsåret 3 023 frå Juda

29. og i det attande året 832 frå Jerusalem.

30. I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvakthovdingen, bort 745 judearar. Til saman var det 4 600 personar.

Les hele kapitlet Jeremia 52