Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 52:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna.

2. Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens augo, heilt og fullt som Jojakim hadde gjort.

3. Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde. Og til sist kasta han dei bort frå sitt åsyn.Sidkia gjorde opprør mot babylonarkongen.

4. Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han.

Les hele kapitlet Jeremia 52