Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 51:24-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Men Babylon ¬og alle som bur i Kaldea,gjev eg att, ¬beint framfor augo dykkar,for alt det vonde ¬dei gjorde mot Sion,lyder ordet frå Herren.

25. Eg kjem mot deg, ¬du Tyningsfjell,som øydelegg heile jorda, ¬seier Herren.Eg retter ut handa mot deg,velter deg ned ¬frå fjellknausaneog gjer deg til eit utbrent berg.

26. Dei skal ikkje ta ein stein ¬ifrå degtil hjørnestein eller grunnmur.Ei evig audn skal du verta,lyder ordet frå Herren.

27. Lyft ei fane på jorda,blås i horn mellom folka,vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia!Kall saman kongerike ¬mot landet,Ararat, Minni og Asjkenas.Set ein hærførar over dei!Før fram hestar ¬som bustete grashopper!

28. Vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia,kongen og statthaldarane ¬i Media,alle styresmennene derog heile det landet ¬kongen rår over.

29. Jorda dirrar og skjelv,for no set Herren i verkdei planar han har ¬mot Babylonia:å gjera landet til ei øydemarkder ingen kan bu.

30. Krigarane i Babylon ¬har gjeve opp striden,dei sit i ro i borgene.Deira kraft er borte,dei har vorte som kvinner.Det er sett eld ¬på bustadene i byen,og bommane er brotne.

31. Den eine lauparen ¬renner mot den andre,eitt sendebod møter eit annanår dei skal gje ¬babylonarkongen meldingom at byen er teken ¬frå alle kantar,

32. at vadestadene er tekneog bolverka brendeog stridsmennene gripne ¬av redsle.

33. Ja, så seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:No liknar Babels dotterein treskjevoll ¬som er trakka hard.Det er berre ei lita stund,så kjem hausten for henne.

34. Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,har ete meg opp ¬og soge meg utog sett meg bort ¬som eit tomt kjerald.Han slukte meg ¬som eit sjøbeist,fylte sin buk ¬med mitt beste kjøtog slengde meg sidan bort.

35. Lat den urett og skade ¬eg har lide,koma over babylonarane!seier dei som bur i Sion.Lat dei som bur i Kaldea,få bøta for mitt liv!seier folket i Jerusalem.

36. Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog fullfører hemnen for deg.Eg legg elva i Babylonia turrog turkar ut hennar kjelder.

37. Babylon skal verta ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar,ein stad til skræmsle og spott,der ingen kan bu.

Les hele kapitlet Jeremia 51