Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:41-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Det kjem eit folk frå nord,det er eit mektig folk;mange kongar tek utfrå utkanten av jorda.

42. Boge og spyd har dei i handa,harde er dei og sparer ingen.Larmen av dei ¬er som havdur.På hestar kjem dei ridande;budde som stridsmenndreg dei fram imot deg, ¬Babel-dotter.

43. Då babylonarkongen ¬høyrde ryktet om dei,vart hendene hans kraftlause.Han vart gripen av angstog skalv som ei fødande ¬kvinne.

44. Lik ei løve som stig oppor den fine Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,så skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landetog setja min utvalde over det.For kven er som eg?Kven vil stemna meg?Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg?

45. Høyr då kva planarHerren har lagt ¬mot babylonarane,kva han har tenkt å gjeramed Kaldearlandet.Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort,og beitemarkene deira ¬skal verta aude.

46. Når ropet lyder: ¬«Babylon er teke!»skal jorda skjelva,og skriket skal høyrast ¬mellom folkeslaga.

Les hele kapitlet Jeremia 50