Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:36-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Sverd mot varseltydarane!Dei skal stå der som dårar.Sverd mot krigarane i byen!Dei skal missa motet.

37. Sverd mot hestane ¬og vognene i byen,mot alt blandingsfolket der!Dei skal verta som kvinner.Sverd mot skattane i byen!Dei skal verta rana og røva.

38. Lat turk koma over vatnet,så det turkar bort.For landet er fullt av ¬gudebilete,og med sine fæle bileteber folk seg åt som galne.

39. Difor skal ørkendyr ¬slå seg ned dersaman med ville hundar;strutsar skal halda til i byen.Aldri skal han byggjast meir,frå ætt til ætt skal ingen bu der.

40. Det skal gå ¬som då Gud gjorde ende påSodoma, Gomorra ¬og grannebyane,lyder ordet frå Herren.Ikkje eit menneske skal bu der,ingen skal halda til i byen.

41. Det kjem eit folk frå nord,det er eit mektig folk;mange kongar tek utfrå utkanten av jorda.

Les hele kapitlet Jeremia 50