Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. I dei dagar, når den tid kjem,lyder ordet frå Herren,skal dei leita etter Israels skuld, ¬men fåfengt,etter Judas synd, ¬men ho finst ikkje,for eg tilgjev dei eg lèt vera att.

21. Far opp mot Meratajim-landetog strid imot det!Gå mot dei som bur i Pekod,forfylg dei med sverd ¬og bannstøyt dei!Gjer alt det eg byd deg,lyder ordet frå Herren.

22. Det er stridsgny i landet,og alt bryt heilt i hop.

23. Å, kor han er knust og broten,den hamaren som slo all jorda!Å, kor Babylonia har vortetil skræmsle mellom folka!

24. Eg sette snarer for deg, Babel,og før du visste av det,var du fanga.Du vart funnen og gripen,fordi du gjekk til strid ¬mot Herren.

25. Herren har opna sitt lagerog teke fram sin harmes våpen;for Herren Gud, Allhærs Gud,har eit verk å gjera ¬i Kaldearlandet.

26. Rykk fram mot landet ¬frå alle kantarog lat opp kornkammera der!Kast kornet opp i haugar,bannlys det,lat ingenting vera att!

27. Hogg ned alle oksane deira,lat dei gå til slakting!Ve dei! Dagen deira er komen,tida då dei må gjera rekneskap.

28. Høyr, dei rømerog kjem seg bort frå Babylonia.Dei vil kunngjera i Sionat Herren vår Gud ¬har teke hemn,hemn for templet sitt.

29. Kall skyttarane saman ¬mot Babylon,alle som spenner boge.Kringset byen på alle kantar,lat ingen sleppa unna!Lat Babylon få att som fortent,gjer mot byen ¬alt det han sjølv har gjort.For han har vore frekk ¬mot Herren,mot Israels Heilage.

30. Difor skal dei unge ¬mennene derfalla på torga,alle stridsmennene vert tynte ¬den dagen,lyder ordet frå Herren.

31. Eg kjem over deg, ¬du skamlause,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.For no er dagen komen for deg,den tid då eg krev deg ¬til rekneskap.

Les hele kapitlet Jeremia 50