Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 50:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Kaldearlandet vert til hærfang,alle som tek av det, ¬får det dei vil,lyder ordet frå Herren.

11. Ja, de kan vera glade og fegne,de som plyndra mitt arveland.Hopp som kalvar i graset,og knegg som sterke hestar.

12. No skal mor dykkar ¬skjemmast djupt,ho som fødde dykk, ¬vert til spott.Sjå, ho kjem sist mellom folka,ho vert som ei turr ¬og livlaus øydemark.

13. Fordi Herren er harm, ¬skal ingen bu der,heile landet skal vera ei audn.Alle som fer framom Babel,skal fæla og spotta når dei seralle dei sår ho har fått.

14. Fylk dykk, alle bogeskyttarar,gå mot Babylon ¬og kringset byen!Skyt mot han, ¬spar ikkje på pilene,for han har synda mot Herren.

15. Lyft hærrop mot byen ¬frå alle kantar!No må Babylon gje seg;støttene er falne ¬og murane rivne.Ja, dette er Herrens hemn.Ta berre hemn på byen,gjev han att ¬for det han har gjort!

16. Ryd ut or Babylonia ¬den som sår,og den som svingar sigd ¬om hausten!Frå det herjande sverdet ¬skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog røma til sitt eige land.

17. Israel var som ein bortjaga sau,som løver hadde drive på flukt.Fyrst åt Assur-kongen på han,og så har Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gnege av beina.

18. Difor seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:No vil eg krevja ¬babylonarkongenog landet hans til rekneskap,som eg gjorde ¬med assyrarkongen.

19. Så fører eg Israel attendetil deira eigne beitemarker;dei skal beita ¬på Karmel og i Basanog få eta seg mettepå Efraims-fjellet og i Gilead.

Les hele kapitlet Jeremia 50