Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:34-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:

35. Så seier Herren, Allhærs Gud:Sjå, eg vil bryta bogen ¬for elamittane,det sterkaste våpenet deira.

36. Mot Elam sender eg fire vindarfrå dei fire himmelhjørnaog spreier dei ¬for alle desse vindane.Det skal ikkje vera eit landder det ikkje finst folksom er bortdrivne frå Elam.

37. Eg gjer elamittane reddefor fiendane deira,for alle som står dei etter livet.Eg lèt ulukke koma over dei,min brennande vreide, ¬seier Herren.Eg sender sverdet etter deitil eg får gjort ende på dei.

38. Så set eg kongsstolen min ¬i Elamog rydjar ut konge ¬og hovdingar der,lyder ordet frå Herren.

39. Men til sist, i dagar som kjem,vender eg lagnaden for Elam,lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 49