Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:29-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Dei skal ta deira telt ¬og småfe,teltdukane og all deira reiskap,dei skal ta kamelane deira ¬med segog ropa til dei: ¬«Redsle på alle kantar!»

30. Røm og kom unna ¬så snøgt de kan,gøym dykk djupt nede,de Hasor-buar, seier Herren.For Nebukadnesar, ¬Babel-kongen,har lagt ein planog tenkt ut noko vondt ¬mot dykk.

31. Opp, rykk fram ¬mot eit sutlaust folk,mot dei som bur trygt, ¬seier Herren.Det har korkje portar ¬eller bommarog bur for seg sjølv.

32. Kamelane deira ¬skal verta til rov,deira store buskap til hærfang.Dei som har kortklypt hår ¬ved tinningen,vil eg spreia for alle vindar;frå alle kantar ¬lèt eg ulukka koma over dei,lyder ordet frå Herren.

33. Då vert Hasor tilhaldsstad ¬for sjakalar,ei audn for alle tider.Ikkje eit menneske skal bu der,ingen skal halda til i byen.

34. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:

35. Så seier Herren, Allhærs Gud:Sjå, eg vil bryta bogen ¬for elamittane,det sterkaste våpenet deira.

36. Mot Elam sender eg fire vindarfrå dei fire himmelhjørnaog spreier dei ¬for alle desse vindane.Det skal ikkje vera eit landder det ikkje finst folksom er bortdrivne frå Elam.

Les hele kapitlet Jeremia 49