Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:25-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Kor aud han er, ¬den namngjetne byen,staden der gleda rådde!

26. På torga fell ¬dei unge mennene,og alle stridsmenn ¬vert drepne den dagen,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

27. Eg kveikjer eld mot muren ¬kring Damaskus,han skal øyda ¬Benhadads borger.

28. Om Kedar og Hasor-rika som Nebukadnesar, babylonarkongen, vann over.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,gjer ende på mennene frå aust!

29. Dei skal ta deira telt ¬og småfe,teltdukane og all deira reiskap,dei skal ta kamelane deira ¬med segog ropa til dei: ¬«Redsle på alle kantar!»

30. Røm og kom unna ¬så snøgt de kan,gøym dykk djupt nede,de Hasor-buar, seier Herren.For Nebukadnesar, ¬Babel-kongen,har lagt ein planog tenkt ut noko vondt ¬mot dykk.

Les hele kapitlet Jeremia 49