Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Høyr då kva planarHerren har lagt ¬mot folket i Edom,kva han har tenkt å gjeramed dei som bur i Teman.Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort,og beitemarkene deira ¬skal verta aude.

21. Når det spørst at dei fell, ¬bivrar jorda;heilt til Sevsjøen ¬høyrest deira skrik.

22. Sjå, fienden stig ¬og flyg som ei ørn,han spilar vengene ut ¬over Bosra.Den dagen skal Edoms ¬krigararvera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

23. Om Damaskus.Hamat og Arpad er vanæra,for dei har fått eit ulukkebod.Dei skjelv i uro som havet,som aldri kan falla til ro.

24. Damaskus er motlaus ¬og rømer.Redsle har kome over folket,det er gripe av angst og smertesom ei fødande kvinne.

25. Kor aud han er, ¬den namngjetne byen,staden der gleda rådde!

26. På torga fell ¬dei unge mennene,og alle stridsmenn ¬vert drepne den dagen,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

27. Eg kveikjer eld mot muren ¬kring Damaskus,han skal øyda ¬Benhadads borger.

28. Om Kedar og Hasor-rika som Nebukadnesar, babylonarkongen, vann over.Så seier Herren:Opp, rykk fram mot Kedar,gjer ende på mennene frå aust!

29. Dei skal ta deira telt ¬og småfe,teltdukane og all deira reiskap,dei skal ta kamelane deira ¬med segog ropa til dei: ¬«Redsle på alle kantar!»

Les hele kapitlet Jeremia 49