Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Sjå, difor skal dagar koma,lyder ordet frå Herren,då eg lèt hærrop ljomafor ammonittane i Rabba.Byen skal verta til aude røysar,og dotterbyane skal brennast.Israel skal ta arvelandet attfrå dei som tok det frå han, ¬seier Herren.

3. Jamra deg, Hesjbon,for Ai er øydelagt.Skrik, de Rabba-døtrer,ta syrgjeplagg på, ¬set i med klageog renn att og fram ¬mellom kveene.For Milkom må fara ¬i fangenskapog hans prestar og hovdingar ¬med han.

4. Kvifor rosar du deg av dalane,av din grøderike dal,du fråfalne dotter,som set di lit til dine skattarog seier: ¬«Kven kan vel nå meg?»

5. Sjå, frå alle kantarsender eg redsle over deg,seier Herren Gud, ¬Allhærs Gud.De skal drivast bort, ¬kvar i si lei,og ingen skal samla ¬dei som rømer.

6. Men sidan vender eg lagnaden ¬for ammonittane,lyder ordet frå Herren.

7. Om Edom.Så seier Herren, Allhærs Gud:Finst det ikkje visdom ¬i Teman meir,har ikkje dei kloke råd å gje?Er visdomen deira øydelagd?

8. Røm, snu om!Gøym dykk djupt nede,de som bur i Dedan.For eg lèt ulukka ¬koma over Esaupå den tid eg krev han ¬til rekneskap.

9. Kjem drueplukkarar til deg,leiver dei ingenting ¬til ettersanking.Og kjem det tjuvar om natta,øydelegg dei så mykje dei vil.

10. For eg legg Esau open og berrog viser kvar han har ¬sine gøymestader,så han ikkje kan halda seg ¬løynd.Borna og brørne ¬og grannane hans vert herja;det er ute med dei.

11. Berre gå frå dine farlause born,eg skal halda dei i live,og enkjene dine ¬kan lita på meg.

12. Ja, så seier Herren:Jamvel dei ¬som ikkje har fortent det,må sanneleg drikka or staupet.Og så skulle du sleppa straff!Nei, du skal ikkje sleppa,du må tøma staupet.

13. For eg har svore ved meg sjølv,lyder ordet frå Herren:Bosra skal verta ¬til skræmsle og spott,til audn og forbanning,og alle byane derskal liggja i røys for alltid.

14. Ei tidend har eg høyrt ¬frå Herren,ein bodberar er send ut ¬mellom folka:«Samla dykk og gå mot byen,reis dykk til strid!»

Les hele kapitlet Jeremia 49