Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Ei tidend har eg høyrt ¬frå Herren,ein bodberar er send ut ¬mellom folka:«Samla dykk og gå mot byen,reis dykk til strid!»

15. Sjå, eg gjer deg liten ¬mellom folka,vanvørd mellom menneska.

16. Den redsle du vekte hjå andre,og ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,du som bur i bergrivnerog held til oppå høgdene.Men om du byggjer reiret ditt ¬høgt som ørna,så skal eg få deg ned derifrå,lyder ordet frå Herren.

17. Edom skal verta ei skræmsle.Alle som fer framom,kjem til å fæla og spottanår dei ser alle dei sår ¬han har fått.

18. Det skal gå ¬som då Sodoma og Gomorraog grannebyane vart ¬øydelagde, seier Herren.Ikkje eit menneske skal bu der,ingen skal halda til i landet.

19. Lik ei løve som stig oppor den fine Jordan-skogentil sletta som alltid er grøn,så skal eg på ein augneblinkdriva dei bort frå landetog setja min utvalde over det.For kven er som eg?Kven vil stemna meg?Og kva for ein hyrding ¬kan stå seg mot meg?

20. Høyr då kva planarHerren har lagt ¬mot folket i Edom,kva han har tenkt å gjeramed dei som bur i Teman.Jamvel dei minste i flokken ¬skal slepast bort,og beitemarkene deira ¬skal verta aude.

Les hele kapitlet Jeremia 49