Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 49:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Om ammonittane.Så seier Herren:Har ikkje Israel søner,har han ingen arving?Kvifor har då Milkom ¬teke Gad i eigeog folket hans sett seg ned ¬i byane der?

2. Sjå, difor skal dagar koma,lyder ordet frå Herren,då eg lèt hærrop ljomafor ammonittane i Rabba.Byen skal verta til aude røysar,og dotterbyane skal brennast.Israel skal ta arvelandet attfrå dei som tok det frå han, ¬seier Herren.

3. Jamra deg, Hesjbon,for Ai er øydelagt.Skrik, de Rabba-døtrer,ta syrgjeplagg på, ¬set i med klageog renn att og fram ¬mellom kveene.For Milkom må fara ¬i fangenskapog hans prestar og hovdingar ¬med han.

4. Kvifor rosar du deg av dalane,av din grøderike dal,du fråfalne dotter,som set di lit til dine skattarog seier: ¬«Kven kan vel nå meg?»

5. Sjå, frå alle kantarsender eg redsle over deg,seier Herren Gud, ¬Allhærs Gud.De skal drivast bort, ¬kvar i si lei,og ingen skal samla ¬dei som rømer.

6. Men sidan vender eg lagnaden ¬for ammonittane,lyder ordet frå Herren.

7. Om Edom.Så seier Herren, Allhærs Gud:Finst det ikkje visdom ¬i Teman meir,har ikkje dei kloke råd å gje?Er visdomen deira øydelagd?

8. Røm, snu om!Gøym dykk djupt nede,de som bur i Dedan.For eg lèt ulukka ¬koma over Esaupå den tid eg krev han ¬til rekneskap.

9. Kjem drueplukkarar til deg,leiver dei ingenting ¬til ettersanking.Og kjem det tjuvar om natta,øydelegg dei så mykje dei vil.

10. For eg legg Esau open og berrog viser kvar han har ¬sine gøymestader,så han ikkje kan halda seg ¬løynd.Borna og brørne ¬og grannane hans vert herja;det er ute med dei.

Les hele kapitlet Jeremia 49