Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 46:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Fram, de hestar! ¬Av stad, de vogner!Rykk ut, de krigarar,de frå Kusj og Put ¬som ber skjold,og de frå Lud ¬som spenner bogen!»

10. Dette er ein hemnens dagfor Herren Gud, Allhærs Gud,då han tek hemn ¬over sine motstandarar.Sverdet skal eta seg mettog drikka seg utyrst av blod.For Herren Gud, Allhærs Gud,held ei offerslaktingi landet der nord ved Eufrat.

11. Far opp til Gilead ¬og få deg balsam,Egyptarland, du unge møy!Om du brukar ¬mange lækjeråder,er det inga hjelp i det;såret ditt vil ikkje gro.

12. Folkeslag høyrer om di skam,ditt klagerop fyller jorda.Den eine krigaren ¬stuper over hin,og saman fell dei begge.

13. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt,rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes!Sei: Stig fram og gjer deg klar!For sverdet øyder ¬rundt ikring deg.

15. Kvifor er din sterke okse ¬slegen ned,kvifor kunne han ikkje stå seg?Herren har støytt han ned.

16. Han får mange til å snåva,den eine fell over hin.Dei seier: ¬«Kom, lat oss fara heim atttil vårt folk og fedreland,bort frå det herjande sverdet!»

17. Dei skal kalla egyptarkongen ¬farao«bråkmakaren som ikkje akta ¬på tida».

18. Så sant eg lever, seier Kongen– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn:Som Tabor mellom fjella,som Karmel utmed haveter han som skal koma.

19. Stell til det du skal ha mednår du må bort frå landet,du folk som bur i Egypt.For Nof skal verta ei audn,leggjast i øyde, ¬så ingen kan bu der.

20. Ei staseleg kvige er Egypt,men ein klegg frå nord ¬slår seg ned på henne.

21. Dei leigde stridsmenn i landet– som gjøkalvar er dei,dei snur om og rømer i lag;dei kan ikkje stå seg.For ulukkedagen er komen for dei,tida då dei må gjera rekneskap.

22. Høyr, ho frøser som ein orm,for dei fer fram med ein hær.Med øksar kjem dei mot hennelik folk som høgg ved.

23. Hogg skogen ned! ¬seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,tallause er dei.

Les hele kapitlet Jeremia 46