Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 46:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt,rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes!Sei: Stig fram og gjer deg klar!For sverdet øyder ¬rundt ikring deg.

15. Kvifor er din sterke okse ¬slegen ned,kvifor kunne han ikkje stå seg?Herren har støytt han ned.

16. Han får mange til å snåva,den eine fell over hin.Dei seier: ¬«Kom, lat oss fara heim atttil vårt folk og fedreland,bort frå det herjande sverdet!»

17. Dei skal kalla egyptarkongen ¬farao«bråkmakaren som ikkje akta ¬på tida».

18. Så sant eg lever, seier Kongen– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn:Som Tabor mellom fjella,som Karmel utmed haveter han som skal koma.

19. Stell til det du skal ha mednår du må bort frå landet,du folk som bur i Egypt.For Nof skal verta ei audn,leggjast i øyde, ¬så ingen kan bu der.

20. Ei staseleg kvige er Egypt,men ein klegg frå nord ¬slår seg ned på henne.

21. Dei leigde stridsmenn i landet– som gjøkalvar er dei,dei snur om og rømer i lag;dei kan ikkje stå seg.For ulukkedagen er komen for dei,tida då dei må gjera rekneskap.

22. Høyr, ho frøser som ein orm,for dei fer fram med ein hær.Med øksar kjem dei mot hennelik folk som høgg ved.

23. Hogg skogen ned! ¬seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,tallause er dei.

24. Egyptarane vert til skammar,overgjevne til folket i nord.

25. Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, seier: No vil eg heimsøkja Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.

26. Eg gjev dei i hendene på folk som står dei etter livet, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar og mennene hans. Men sidan skal dei byggja og bu i landet som i gamle dagar, lyder ordet frå Herren.

27. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar,miss ikkje motet, Israel!For eg bergar deg ¬frå land langt borte,ætta di frå landet ¬der ho er i fangenskap.Jakob skal atter få ro ¬og leva trygt,og ingen skal skræma han.

28. Ver ikkje redd, ¬Jakob, min tenar,for eg er med deg, ¬seier Herren.Eg gjer ende ¬på alle dei folkeslagsom eg har drive deg bort til.Men deg gjer eg ikkje ende på.Eg tuktar deg med måte,men reint utan straffkan eg ikkje la deg vera.

Les hele kapitlet Jeremia 46