Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 46:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Folkeslag høyrer om di skam,ditt klagerop fyller jorda.Den eine krigaren ¬stuper over hin,og saman fell dei begge.

13. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt,rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes!Sei: Stig fram og gjer deg klar!For sverdet øyder ¬rundt ikring deg.

15. Kvifor er din sterke okse ¬slegen ned,kvifor kunne han ikkje stå seg?Herren har støytt han ned.

16. Han får mange til å snåva,den eine fell over hin.Dei seier: ¬«Kom, lat oss fara heim atttil vårt folk og fedreland,bort frå det herjande sverdet!»

17. Dei skal kalla egyptarkongen ¬farao«bråkmakaren som ikkje akta ¬på tida».

18. Så sant eg lever, seier Kongen– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn:Som Tabor mellom fjella,som Karmel utmed haveter han som skal koma.

19. Stell til det du skal ha mednår du må bort frå landet,du folk som bur i Egypt.For Nof skal verta ei audn,leggjast i øyde, ¬så ingen kan bu der.

20. Ei staseleg kvige er Egypt,men ein klegg frå nord ¬slår seg ned på henne.

21. Dei leigde stridsmenn i landet– som gjøkalvar er dei,dei snur om og rømer i lag;dei kan ikkje stå seg.For ulukkedagen er komen for dei,tida då dei må gjera rekneskap.

Les hele kapitlet Jeremia 46