Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 46:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om dei andre folka.

2. Om Egypt.Mot hæren åt farao Neko, egyptarkongen, som stod ved Karkemisj bortmed Eufrat, og som vart slegen av Nebukadnesar, babylonarkongen, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

3. Gjer skjold og verje i standog rykk ut til strid!

4. Sel på, stig til hest, de ryttarar,fylka dykk ¬med hjelm på hovudet,gjer spyda blanke, ¬ta brynjene på!

5. Men kva er det eg ser?Kvifor vik dei tilbake i redsle?Deira krigarar vert slegne,dei rømer utan å sjå seg om.Rundt ikring rår redsle,lyder ordet frå Herren.

6. Den lettføtte kan ikkje røma,og krigaren slepp ikkje unna.Der nord, ved Eufrat-bredda,der snåvar dei og fell.

7. Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar som fløymer ¬i brusande straum?

8. Det er Egypt som stig lik Nilen,lik elvar som fløymer ¬i brusande straum.Folket sa: «Eg vil stigaog breia meg ut over jorda,gjera ende på byar ¬og dei som bur der.

9. Fram, de hestar! ¬Av stad, de vogner!Rykk ut, de krigarar,de frå Kusj og Put ¬som ber skjold,og de frå Lud ¬som spenner bogen!»

10. Dette er ein hemnens dagfor Herren Gud, Allhærs Gud,då han tek hemn ¬over sine motstandarar.Sverdet skal eta seg mettog drikka seg utyrst av blod.For Herren Gud, Allhærs Gud,held ei offerslaktingi landet der nord ved Eufrat.

11. Far opp til Gilead ¬og få deg balsam,Egyptarland, du unge møy!Om du brukar ¬mange lækjeråder,er det inga hjelp i det;såret ditt vil ikkje gro.

12. Folkeslag høyrer om di skam,ditt klagerop fyller jorda.Den eine krigaren ¬stuper over hin,og saman fell dei begge.

13. Dette er det ordet som Herren tala til profeten Jeremia då Nebukadnesar, babylonarkongen, kom og ville slå Egypt:

14. Kunngjer det i Egypt,rop det ut i Migdol, ¬i Nof og Takpanhes!Sei: Stig fram og gjer deg klar!For sverdet øyder ¬rundt ikring deg.

Les hele kapitlet Jeremia 46